Er albansk språk ei form for gresk?

Læraren min påstår at albansk «høyrer til» gresk. Eg har eigentleg ikkje så mykje peiling på albansk, men eg trur ho tek feil.

Svar

Det læraren din seier her, er i  beste fall upresist og i verste fall heilt feil.

Albansk er eit indoeuropeisk språk, og dermed er det i slekt med gresk, men det «høyrer» ikkje «til» gresk. Albansk og gresk utgjer kvar si undergruppe av dei indoeuropeiske språka. Ei tredje undergruppe er dei germanske språka, der m.a. norsk, svensk, dansk og engelsk høyrer heime, og det finst dessutan fleire andre undergrupper. Dei fleste språka i Europa og mange i Asia har indoeuropeisk opphav.

Språkslektskap er noko anna enn innlåning av ord. Ein seier at to språk er i slekt når ein reknar med at dei stammar frå eit felles «urspråk», som dei har utvikla seg frå. Eit språk kan godt bli påverka av eit anna språk, til dømes med lånord, sjølv om dei to språka ikkje er i slekt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter