Eplekjekk
Kva er det eigentleg å vera eplekjekk, og kva er opphavet til ordet?
Ein som er eplekjekk, er i kjekkaste laget, anten så sunn, frisk eller kvikk at det er litt kvalmande, eller bråkjekk og freidig. Folk legg litt ulike ting i ordet. Leddet eple har truleg med friskleik å gjera (jf. eplefrisk).
Ordet er mykje brukt i skrift frå 1990-åra, men er kjent frå munnleg bruk tidlegare. I 1991 skreiv Arne Hjeltnes i A-magasinet:
Jeg foretrekker burgunderrøde NSB-tog i horisonten fremfor veier fulle av eplekjekke firehjulstrekkere med skiboks på taket.
Det kjem nokså sikkert av svensk äppelkäck, med synonymet äppelhurtig, som var eit nytt ord i svensk i 1950-åra. I boka Nyord i svenskan från 40-tal till 80-tal er äppelhurtig forklart som ‘hurtfrisk, överdrivet sund och käck’, og det er oppgitt at det høyrer heime i kvardagsspråket.
Nedanfor er resultatet av eit søk i eit korpus hos Nasjonalbiblioteket. Grafane viser berre tilhøvet mellom ordfrekvensane i materialet. Friskfyraktig er eit eldre nærsynonym.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).