Enda sintare, enda meir?

Er det rett med enda/endå eller enno framfor ord i komparativ?

Svar

Språkrådet tilrår enda/endå, ikkje enno, framfor ord i komparativ.

Han blei enda/endå sintare.
Ho ville drikke enda/endå meir.

Dette handlar om gradar. Ein kan difor laga seg ein hugseregel med grad + enda/endå, til dømes med å framheva d-en:

graD + enDa/enDå

Opphavet er forresten gammalnorsk enn + þá ‘då’.

Det heiter òg enda/endå i samband som «enda/endå ein gong»  og i setningar som «Enda/endå ho var sjuk, stod ho opp». I den siste tydinga er opphavet til ordet enn + þó ‘likevel’.

Særleg i eldre mål var det forresten nok med enn i fleire tydingar av desse orda.

Kva med enno?

Skrivemåten enno reserverer vi for tidsadverbet. Opphavet er gammalnorsk enn + nú ‘framleis no’. Tenk på det som ‘framleis’, anten det gjeld før (strengt teke ), no eller i framtida, slik:

Dei levde enno for tre år sidan.
Fiskebilen er enno ikke komen.
Om to veker er det enno ikkje for seint.

Det er likevel ikkje uvanleg å bruke endå/enda her, særleg i fortid, og dette har vore formelt godteke sidan 1991. Det er lenge sidan enno og endå som tidsadverb vart rota saman i talemålet til folk flest, om det nokon gong har funnest eit allmenngyldig skilje.

Ikkje alle likar at begge delar er tillate. Men sett med tradisjonstru augo må både enno og enda/endå i tidstyding vera betre enn fortsatt, som er i ferd med å ta heilt over for begge delar. (Denne utviklinga kan ein studera nærmare med å jamføra bibelomsetjingane på www.bibel.no.)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter