Eksklusiv(e), inklusiv(e)
Heiter det eksklusiv meirverdiavgift eller eksklusive meirverdiavgift?
Svar
Det er valfritt.
Eksklusiv(e) tyder ‘unnateke, frårekna, utan(om)’.
Inklusiv(e) tyder det motsette: ‘med, medrekna’.
Bruk gjerne eit anna ord i staden, for ikkje alle forstår inklusiv(e) og eksklusiv(e).
Adverbet eksklusiv(e) må ikkje blandast saman med adjektivet eksklusiv ‘fornem, for nokre få utvalde’. Det kan sjølvsagt berre heite ein eksklusiv klubb og den eksklusive klubben.
Var denne teksten stort sett grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men les dei nøye.