Eivind beinlaus

Veit de kvar uttrykket Even beinlaus stammar frå?

Svar

Det er eldgammalt i norske dialektar over det meste av landet, òg i former som han Eivind, han beinlaus, beinlausen eller beinlausingen. Eivind (Even) beinlaus er beint fram vinden eller trekken.

Når ei dør går att på grunn av trekk, eller når det kvin om novene, høver det godt å visa til ein usynleg person – ein gammal og kjend gjest som i motsetnad til andre kjenningar manglar både kjøt og bein.

Nemninga er nok opphavleg knytt til tabu: Det var farleg å nemna vinden med det rette namnet på sjøen; ein kunne vekkja farlege krefter eller i det minste angst og otte. Sjå Svale Solheims Nemningsfordomar ved fiske (s. 105–106).

Varianten Ivar beinlaus finst òg. Ivar Beinlause var ein av sønene til Ragnar Lodbrok. Han skal ha hatt brusk i staden for bein i kroppen.

På prent dukkar «han beinlause» fyrst opp i Ivar Aasens Ordbog over det norske Folkesprog (1850), dinest i Norske Ordsprog (1856) av den same innsamlaren: «Han Beinlaus bankar paa Veggen.»

Tre år etter brukar Aasmund O. Vinje omgrepet til å karakterisera geléaktige litterære figurar som ikkje driv handlinga fram:

Skrifter i Utval. B 4

 I riksmålslitteraturen melder ikkje nemninga seg før på 1900-talet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:24.04.2024