Einmannskrins?
Eg ønskjer å finne eit kjønnsnøytralt alternativ til einmannskrins. Kan de hjelpe?
Svar
Vi har dessverre ikkje noko fasitsvar. Vi ser at enpersonskrets (allereie i leksika frå 1989) og enkeltpersonskrets er ein del nytta. På nynorsk blir det då ein- og gjerne -krins: einpersonskrins, enkeltpersonkrins.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).