Eige eller eiget?
Kva er den rette inkjekjønnsforma av adjektivet eigen? Blir det korrekt å skrive «vi treng eit eiget rom»?
Svar
Nei. Det rette er eige rom.
Inkjekjønnsforma av adjektivet eigen er eige, ikkje eiget. Det blir det same som med eit ope spørsmål.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).