Eg lev ikkje, eg lever
Mange skriv lev i presens på nynorsk. Kan det verkeleg vere rett?
Nei, det heiter eg lever, du lever, dei lever og så vidare.
Særskilt interesserte kan lese meir om bakgrunnen nedanfor.
Sterke og svake verb
Lever er presensforma til eit svakt verb. Svake verb har to stavingar i både presens og preteritum:
å leve – ²lever – levde
Dette stemmer med dei fleste dialektane rundt i landet. Merk at lever i nynorsk tradisjonelt blir uttalt med tostavingstonelag (tonem 2), altså som ²bønner, ikkje som ¹bønder. (Tonema er markerte med heva tal.) Tonelaget i lever er altså det same som i infinitiv å ²leve.
Sterke verb har på nynorsk éi staving både i presens og preteritum:
å lese – les – las
å ete – et – åt
Bokmål har ingen skilnad i presens i skrift. Presens har to stavingar anten verbet er svakt eller sterkt:
å lever – ¹lever – levde
å lese – ¹leser – leste
å lete – ¹eter – åt
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).