Dybdelæring: djupnelæring eller djuplæring?
Kva heiter dybdelæring på nynorsk?
Svar
Dybde på nynorsk heiter djupn (bunden form djupna). Dybde- i samansetjing kan omsetjast med djupne-.
Djupnelæring er altså eit greitt ord på nynorsk, likeins djupneintervju for dybdeintervju osb.
Dyplæring kan derimot omsetjast til djuplæring (som det òg kan heite på bokmål).
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).