DNA-et eller DNAet?
Bør ein skriva «DNA-et» eller «DNAet» i samanhengar som «DNA-et til ein organisme»?
Svar
Rett skrivemåte er «DNA-et» med bindestrek.
«DNA» er eit forbokstavord som må lesast bokstav for bokstav. I samansetningar bruker ein òg bindestrek: «DNA-molekyl».
Det same prinsippet gjeld for alle forkortingar som kan bøyast eller setjast saman med andre ord.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).