Dialektord inn i skriftspråket?

Vi skriv oppgåve om språknormering og lurer på kva for kriterium som må vere oppfylte for at eit dialektord skal bli teke inn i skriftspråket.

Svar

Det er ingen einskildinstans som avgjer kva for ord som høyrer heime i skriftspråket. Det finst heller ikkje noka liste over kriterium som alle er samde om.

Ord vinn ein plass i skriftspråket når dei blir nytta i skrift såleis at dei når ut til mange og etter kvart blir felleseige for dei som skriv. Mange dialektord er det opphavleg diktarar som har gjort kjende og ført inn i skriftspråket.

Ordbøkene

Skriftspråket er eit omgrep som er vanskeleg å avgrense. For dykk kan det difor vere praktisk å ta utgangspunkt i at skriftspråket er det som er nedfelt i ordbøker, sjølv om mange ord som blir brukte i skrift, (enno) ikkje er komne inn i noka ordbok. Dersom eit ord er med i Bokmålsordboka og Nynorskordboka, kan det seiast å høyre heime i skriftspråket (i motsetnad til berre i talemålet), om det så måtte vere lite brukt.

No er det ikkje alltid opplagt kva som er «dialektord», og kva som er «riksord». Dei fleste ord i norsk er jo dialektord i den vide tydinga at dei ikkje berre finst i dialektane, men til og med er dei viktigaste byggjesteinane der. Så dialektord tyder i praksis ‘ord som er mest kjent som særmerkt for éin eller fleire dialektar’. Og dei fleste ord som folk trur er avgrensa til éin dialekt, finst eller har funnest i mange!

Dei som redigerer Nynorskordboka, har ein regel som seier at eit ord skal med når det er kjent frå minst tre fylke. Nokon tilsvarande regel for bokmål finst ikkje. Her er det meir avgjerande om den litterære eliten i si tid har lagt sin elsk på ordet og fått spreitt det vidt. Slik vart ein god del (dialekt)ord for særnorsk natur- og kulturliv tekne opp i det dansk-norske skriftmålet som rådde for over hundre år sidan.

I begge mål kan ord som er brukte i skrift, framleis ha dialektalt eller regionalt preg eller beint fram stempel. Det gjeld mest for bokmål, og i Norsk Riksmålsordbok er mange ord med dialektopphav markerte med «dial.», jamvel om dei er nytta av kjende forfattarar. Då høyrer dei ikkje heilt med i det skriftlege normalmålet. I den tilsvarande nynorskordboka, Norsk Ordbok, er ikkje dialektord merkte på denne måten, jamvel om dei måtte vere svært sjeldsynte i skriftmålet. Dei kan likevel bli oppfatta som (for) dialektale av andre brukarar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter