Dessverre eller desverre?

Er dessverre rett skrivemåte? Vi har sett at mange skriv ordet med éin s.

Svar

Ja, det rette er å skriva dessverre med to s-ar. Det gjeld både på nynorsk og på bokmål. Nynorsk har i tillegg forma diverre.

Kanskje det blir lettare å hugsa om ein veit kva dess er for noko?

Dess er opphavleg genitivsforma av det. Det er på ein måte det same som bokmål dets, men det blir brukt heilt annleis. Vi finn det i «dess fleire kokkar, dess meir søl» og i «vent til dess» (= vent til det (tidspunktet)). Ingen ville vel ha skrive des fleire?

Men kvifor dess? Svaret er nok for spesielt interesserte:

Alle veit at det skal vera s etter skog i uttrykk som til skogs og til fjells. Men føre forma dess har vi ikkje alltid noko til, så kvifor -s då? Jau: Ein gong i tida nytta vi fast ei anna form av det, nemleg dativforma di, i samanlikningsuttrykk føre komparativ: «Di varmare, di sveittare – diverre.» Etter som kasusbøyinga gjekk ut av språket, tok genitivsformer som dess i visse tilfelle over for dativformer som di. Det var det.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter