Dedisere, dedikere, dedikert

Kva er skilnaden på å dedisere og å dedikere? Og kva er det å vere dedikert?

Svar

Begge verba går attende til latin dedicare med tydingane ‘innvie, tileigne’.

Å dedisere er det eldste av dei to verba i norsk. Det tyder å tileigne eit verk til nokon som eit heidersteikn. Ein kan til dømes seie: «Denne boka er dedisert (til) mannen min.» Til dette høyrer eit substantiv med -k-: ein dedikasjon, altså ei tileigning av det nemnde slaget.

Å dedikere fekk vi i åttiåra inn som eit dataord frå engelsk dedicate med tydinga ‘lage for, tilpasse, reservere for ein viss bruk/brukar’, som i: «Datasystemet er spesielt dedikert behova i etaten». Det tyder no meir generelt setje av tiløyremerkje for.

Dedikere er no i ferd med å stele tydinga til dedisere. Det er ikkje så rart, for dedicate har jo denne tydinga i engelsk, og substantivet dedikasjon byggjer ei bru mellom verba.

Men orda bør skiljast åt i norsk.

Dedikert

Etter tusenårsskiftet blir dessutan adjektivet dedikert nytta mykje etter engelsk mønster om ihuga og trugne tilhengarar, folk som er glødande engasjerte i noko. Ein kan dessutan tale om å dedikere seg til noko, altså engasjere seg i eller vie seg til

Til slutt resultatet av eit søk i aviskjelder:

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.12.2016 | Oppdatert:22.03.2023