Datoar
Korleis skal datoar med siffer skrivast på norsk? Kan ein forresten sløyfe punktum i f.eks. «8. februar» eller i «perioden 8.–12. februar»?
Rekkjefølgja er dag–månad(–år). Ein kan skrive anten 8.2.2015 eller 08.02.2015 (med eller utan årstalet). Punktuma kan ikkje sløyfast i noko tilfelle (det har vore valfritt før ei tid), og det skal vere mellomrom etter punktum.
Hundreåret kan sløyfast når det ikkje er fare for mistyding, altså t.d. 8.2.15. Men null kan ikkje sløyfast i årstalet, så ein lyt skrive t.d. 8.2.05.
I vanleg tekst brukar ein helst ikkje null føre dag og månad. Ein bruker gjerne òg den naturlege formuleringa 8. februar 2015.
Det skal ikkje nyttast bindestrek, skråstrek eller romartal ved datering. Ein kan t.d. ikkje skrive 8/2–15 om det skal vera innanfor rettskrivinga.
Spesielle samanhengar
I tabellar kan ein nytte sekssifra oppstillingar: 040895, 140266, 010215.
Standard Norge har slutta seg til den internasjonale standarden med den omvende rekkjefølgja av den tradisjonelle norske, dvs. at dei skriv t.d. 2000-12-24 for 24.12.2000. Språkrådet har bestemt at dette formatet kan brukast i tekniske samanhengar (ved utveksling av data, i kronologiske lister o.a.). Elles bør ein halde seg til den vanlege rekkjefølgja.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Merk at den lange teksten er for dei ekstra interesserte og tolmodige. I dei fleste artiklane finn du eit kort svar i ingressen, altså det fyrste avsnittet, som står med feit skrift. Vi rår frå å hoppa over det.