Bygg eller bygning?

Vi har ein liten diskusjon gåande om bruken av bygget og bygningen. Kan det vera rett at ein ikkje bør bruka bygg om ferdigbygde hus?

Svar

Ja, langt på veg stemmer dette med tradisjonen. Unntaket er visse slags store bygningar, helst i samansetningar. Nynorskordboka seier dette om bygg og bygning:

bygg
1 bygning o l som er under arbeid el. som (nyleg) er ferdigbygd. Døme: bustadbygg / nybygg / råbygg / arbeide på eit bygg
2 større bygning. Døme: industribygg / lagerbygg
3 byggjetiltak

bygning
1 (større) hus. Døme: fabrikkbygning / hovudbbygning / offentleg bygning / bygningane på garden var i god stand
2 *bygnad (1)

Bygg kan altså ifølgje ordboka brukast både om ein bygning som er under bygging, og om ein større bygning som er ferdigbygd. Det er særleg i samansetningar det blir nytta i den siste tydinga: nybygg, tilbyggforretningsbygg, industribygg, Postgiro-bygget.

Det er rett at eit vanleg hus eller ein liten bygning som er teken i bruk (og ikkje lenger er nybygg), helst ikkje heiter bygg.

Det kan vera greitt å halda seg til dette skiljet. Fagspråklege oppslagsverk som Arkitekturleksikon (Abstrakt forlag) og Byggteknisk fagleksikon (Universitetsforlaget) gjer det.

Men merk at bygning sjeldan er feil. Mange samansetningar på -bygg (som lagerbygg) er nyare særnorsk utvikling – praktisk, men ikkje obligatorisk.

Nedanfor er ein artikkel om det same frå boka Råd om språk (Språkrådet, 1981):

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter