Brillefin

Eg lurer på opphavet til adjektivet brillefin.

Svar

Vi har diverre ingen sikre opplysningar om opphavet til ordet brillefin, som tyderglimrande, framfrå’. Dersom du ikkje er glad i mysterium, bør du ikkje lesa lenger.

Det som er nokså sikkert, er at ordet brillefin har opphav i slang (jf. denne slangordboka frå 1952). Både brillefin og brillefint vart truleg fyrst brukt i norsk litteratur i ei omsetjing av pressemannen Chr. A.R. Christensen frå 1930. Det fengde snøgt og vart brukt i ei heil rekkje bøker i 1930-åra.

Somme har meint at brillefin heng saman med brilledukat, ein gammal dansk gullmynt (ein såkalla skodemynt eller medaljemynt). På den var det bilete av eit par briller. Men tidsspennet mellom dukaten og den nemnde omsetjinga er stort. Elles jo ordet briller utvikla av beryllium, som òg har gitt opphav til beryll, som er ein edelstein (før òg skrive beril). Her kan det vera ein samanheng, men det er tvilsamt. Eit endå meir tvilsamt spor går i retning av strålande og briljant, jf. t.d. hårolja brillantine.

Vi har kortvariantar som heilt brill og det er glimm, men dei er av nyare dato.

Hjelp oss gjerne med å løysa mysteriet.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter