Bør landsmøtet og årsmøtet skrivast med stor forbokstav?
Når ein skriv om tilskipingane landsmøte og årsmøte, er det opplagt at ein skal nytte liten forbokstav: på landsmøtet, på årsmøtet. Men kva når ein viser til organa, som i landsmøtet vedtok, årsmøtet vedtok?
Det er ingen grunn til å bruke stor forbokstav her, sjølv om det er ein tydingsnyanse.
Dessutan er det ofte vanskeleg å avgjere om det er tilskipinga eller organet ein omtalar i ei setning.
Styre og andre organ i ein organisasjon skal generelt ha liten forbokstav: landsstyret, sentralstyret osb.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).