Boktitlar i hermeteikn eller kursiv?
Kva er regelen for markering når ein gjev att tittelen på ei bok?
Svar
Boktitlar set ein vanlegvis anten i hermeteikn («Halvbroren») eller i kursiv (Halvbroren). Kursiv er vanlegast i meir akademisk tekst.
Kortare tekstar og delar av større verk (noveller, songar, dikt, kapittel) står gjerne i hermeteikn (t.d. «Til min Gyldenlak» av Wergeland).
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).