Bokstaven w i norsk

Blir bokstaven w brukt i nokon norske namn og andre ord som ikkje er tekne inn frå andre språk?

Svar

Bokstaven w finst ikkje i norske arveord (= ord som ikkje er lånte frå andre språk), berre i innlånte ord (som wolfram og show). Bokstaven blir likevel nytta i mange norske namn.

Bokstaven w er i det heile sjeldsynt i norsk, som du lett ser når du slår opp i ei ordbok. Til dømes har Tanums store rettskrivningsordbok, som er på 1546 sider, berre to sider med oppslagsord som byrjar på w. Dei fleste av dei er utanlandske stadnamn eller innlånte ord. Søkjer du på %w% i Nynorskordboka eller Bokmålsordboka, får du fram alle dei vanlegaste orda med w i norsk.

Det er annleis med namn. Wold (Voll) og Wiik (Vik) er norske namn som mange framleis skriv med w. Eit anna døme er etternamnet til Noregs mest vidgjetne diktar tidleg på 1800-tallet, som kjem av namnet Verkland (i Sogn). Familien skreiv det med w, som Wergeland. I førenamn, som Wenche og Willy, er w-en gjerne importert med namnet.

Før i tida

Går vi til sein gammalnorsk tid og ser på handskriftene, finn vi w i vanlege norske ord (ofte i framlyd, altså fremst i ordet). I gamalnorske handskrifter brukte ein dessutan u og v om kvarandre. (I tillegg fanst ein såkalla insulær v, som likna på ein spegelvend y.)

I fleire hundre år nytta ein gjerne w for v i dansk skrift, og mange norske namn fekk skrivemåten sin då. Men på 1800-talet var ein gått heilt bort frå w-en i rettskrivinga. W hang att i namn berre av gammal vane eller vart sett inn etter utanlandsk mønster.

Uttale i norsk

I gammalnorsk vart bokstaven v faktisk uttalt som w blir uttalt på engelsk, medan vår moderne v-lyd vart skriven f. Med andre ord: Lenge skreiv ein v og sa w, seinare skreiv ein ofte w, men sa v!

I ord der bokstaven w finst i moderne norsk, blir han uttalt som vanleg v. Det gjeld òg i mange forkortingar. BMW blir uttalt som /be-emm-ve/ og WTO som /ve-te-o/. Dette har sikkert praktiske grunnar. Ved Internett-adresser er det ein tendens til å forenkle sambandet www og uttale det /veveve/. Eventuelt blir det anten /dobbel-v dobbel-v dobbel-v/ eller /tre gonger dobbel-v/.

Du kan lese meir om w og andre bokstavar i Arne Torps artikkel «Bokstaver og alfabet» i Språknytt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024