Blir norsk påverka av innvandrarspråk?

Finst det innvandrarspråk som øver press på norsk i dag?

Svar

Nei, den påverknaden som går frå innvandrarspråk til norsk i dag, er langt frå så sterk at han kan kallast «press». Vi reknar da ikkje med engelsk som innvandrarspråk.

Generelt er det mest i ungdomsslang at det finst ord frå innvandrarspråk. På nettstaden www.slang.no finn du resultat frå ei undersøking om dette. Verken i det norske allmennspråket eller i fagspråk på dei sentrale samfunnsområda er det særleg mange ord frå innvandrarspråk.

Vi veit at det i innvandrartette område i visse norske byar blir nytta språklege variantar med mange ord frå urdu, spansk, arabisk o.l. og med ein uttale som er farga av språket til innvandrarar. Dette er òg kjent frå Sverige, Danmark og andre vesteuropeiske land. Også ungdom med etnisk norsk bakgrunn kan nytte desse variantane i samvær med vener.

Dei fleste ungdommar som nyttar slike variantar, meistrar òg andre former for norsk, som dei nyttar i andre sosiale samanhengar. Difor bør ein nok truleg heller sjå på dei nemnde variantane som ein del av det personlege tilfanget (det individuelle registeret) enn som nye dialektar som kjem heilt i staden for andre. Det er uvisst om desse språklege variantane vil feste seg, og om dei orda som blir nytta, blir varige tilskot til norsk.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:25.04.2024