Best practice
Finst det eit norsk ord for best practice? Uttrykket viser til dei smartaste måtane å løyse eit problem på, særleg der ein ikkje har eit fast regelverk å følgje. Formålet er sjølvsagt at ein skal sleppe å gjere dei same feila som andre har gjort.
På ein måte har ordet alltid funnest på nynorsk: føredøme (= ‘eksempel til etterfølgelse’). To andre framlegg frå oss er bestepraksis og mønsterpraksis, som kan brukast i begge målformer. Alle tre orda kan bøyast og er lette å byggje inn i setningar.
Den som veit om best practice, kjenner utan vidare att bestepraksis (som forresten òg er parallelt med bestemann, besteven osv.). Det bør ikkje vere eit krav at eit norsk avløysarord svarer til det engelske ordet nærmast ledd for ledd, men det er jo inga ulempe heller.
Mønsterpraksis blir nytta i somme offentlege etatar, jamfør at ein framgangsmåte kan fungere som eit mønster, eit førebilete, for andre. Modellpraksis (modelpraksis) er i bruk på dansk; modell kan jo tyde ‘førebilete’.
Andre og litt meir omstendelege alternativ kan vere anbefalt/tilrådd framgangsmåte, den beste praksisen, eksemplarisk praksis, standard framgangsmåte eller – om ein ønskjer å framheve at praksisen byggjer på erfaring – erfaringsbasert eller røynslebasert praksis.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).