Berberis, kornell og mogop – enkel eller dobbel konsonant?
Før vart berberiss skrive slik, med dobbel s. Men no ser eg i ei ordliste at ordet skal skrivast med enkel s, medan kornell får dobbel l og mogop får enkel p. Burde ikkje desse orda ha dobbelkonsonant til slutt, sidan den siste vokalen er stutt?
Skrivemåten av desse orda er regulert ut frå eit ortografisk hovudprinsipp: Det skal vere dobbelkonsonant etter kort trykktung vokal, slik som i kornell, men ikkje etter kort trykklett vokal, som i berberis og mogop.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).