Bekkelaget eller Bækkelaget?
Kva er det rette namnet på dette området i Oslo? Er det Bekkelaget eller Bækkelaget?
Svar
Det rette er Bekkelaget med -e-.
Du kan slå opp og sjå sjølv i Tanums store rettskrivningsordbok og Norsk stadnamnleksikon, Oslo 1997.
Skrivemåten med -e- vart fastsett for lenge sidan. Skrivemåten med -æ- er forelda, men er framleis i bruk i namn på idrettslag og andre organisasjonar.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).