Bearbeide på nynorsk

Kva heiter bearbeide og bearbeiding på nynorsk?

Svar

Vi kan ofte bruke tilarbeide og tilarbeiding. Bearbeidet blir då tilarbeidd.

Å arbeide med (eller ) er ofte råkande, men diverre er ikkje partisippet medarbeidd lett å bruke. Tilemne (av å emna til) er lite brukt no.

I nokre samanhengar høver det like bra med tilverke og tilverking. Verbet tilverke rekk tradisjonelt vidare i nynorsk enn tilvirke gjer i bokmål, der det gjerne berre er synonymt med framstille og produsere. Men tilvirket/tilverka fisk er gammalt og felles for målformene i same tyding som bearbeidet.

Abstrakte emne

Abstrakt bearbeiding går ofte ut på det same som å ta føre seg noko. Men bokmålsuttrykket å bearbeide følelser er vanskeleg å få has på. Den slags aktivitet er ikkje noko folkemålet etter gamalt har mange uttrykk for, og difor er det ikkje mykje å hente i tradisjonell nynorsk. Vi får kanskje bruke det fyrste uttrykket vi nemnde ovanfor: arbeide med, eventuelt arbeide seg gjennom.

Synonym og underomgrep

Nedanfor er eit utklipp frå Magne Rommetveits synonymordbok Med andre ord. Merk at bearbeide er litt av ei sekkenemning, og at det innanfor kvart fag gjerne finst fleire meir spesifikke ord (hyponym) for bearbeiding av eit emne eller for delar av prosessen. Bruk det mest presise som er dekkjande i kvar samanheng. (Å arbeide jorda er forresten ei gammal sekkenemning.)

Ikkje vel noko som skurrar. Då er det betre å ty til bearbeiding sjølv om det ikkje står i Nynorskordboka. Og høver det mykje betre å skrive «bearbeide NN» enn å «prøve å påverke NN», er det best å skrive bearbeide.

Merk: Ordet data kan handterast som vitenskapelig materiale i utklippet ovanfor.

Vi held fram med avleidde substantiv og samansetningar med dei:

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter