Barnebarnsbarn?
Kan eg kalle oldebarnet mitt eit barnebarnsbarn? Eg høyrer sjeldan det ordet no. Eg skriv forresten eit barn – fleire born, så kva skal eg skrive dersom eg får fleire etterkomarar av dette slaget?
Du kan trygt kalle oldebarnet ditt eit barnebarnsbarn. Det har i alle fall sterkare tradisjon i norsk enn oldebarn.
Tradisjonell nynorsk har omlyd, altså born med o, i fleirtal. Men merk at det vi brukar i samansetning, ikkje er fleirtal, men ei særskild samansetningsform. Det heiter difor
eit barnebarnsbarn – to barnebarnsborn
Dette står i kontrast til dansk børnebørnsbørn, med omlydar over ein låg sko.
Frå språkblomst i Bergen til barnebarnsbarnløyse i Bibelen
I samlingane til Nasjonalbiblioteket finn vi barnebarnsbarn alt i juridisk litteratur frå 1816, medan oldebarn fyrst figurerer som språkblomst hos eldre bergensarar i 1910. Det klang nok då om lag som bestebarn for barnebarn.
Bibelmålet er på glid. I Andre Mosebok 34,7 (1938-omsetjinga) står det at Gud
hemner broti åt federne på borni og barneborni, ja på barnebarns-borni og borni etter dei.
I dag har pipa fått ein litt annan (ord)lyd:
For synda til fedrane straffar han born og barneborn og tredje og fjerde slektsleddet.
Slik ser utviklinga ut i eit korpus hjå Nasjonalbiblioteket:
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).