Baluba
Kva er opphavet til ordet baluba brukt om oppstyr og leven?
I Tanums store rettskrivningsordbok står det at baluba er namnet på ein afrikansk stamme. Det dreier seg om luba-folket i Den demokratiske republikken Kongo.
I byrjinga av 1960-åra var media fulle av nytt om stridane i Kongo (frå 1965 «Zaïre»). Størst inntrykk gjorde det kan henda då FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld i 1961 døydde i ein flystyrt i Kongo under mystiske omstende.
Mykje av striden dreidde seg om provinsen Katanga, der luba-folket stod sterkt, eller «baluba-stammene», som det gjerne heitte i avisene. Då ni irske FN-soldatar vart drepne av «balubaer», gjekk a baluba eller balooba inn i irsk-engelsk slang som skjellsord. I tillegg fekk engelsk ordlaget to go balubas. Balubas finst òg i svensk i ymse tydingar (m.a. rampunge), men verkeleg «vill» eller «full baluba» er norsk truleg åleine om.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).