Bakteppe

I Forsvaret er ordet bakteppe teke meir og meir i bruk, både skriftleg og munnleg, i staden for bakgrunn. Eg finn det ikkje i ordbøkene. Er dette eit ord som kan brukast?

Svar

Eit bakteppe høyrer til på eit teater, bak scena. Det er altså nettopp ein bakgrunn.

Den bruken som du viser til, er gammal i teater- og litteraturkritikk og historiske framstillingar. I nittiåra spreidde ordet seg kraftig i heilt vid tyding. Det kan verke moteprega, men det er ikkje noko gale med det i og for seg.

Bruk likevel gjerne bakgrunn eller andre tilsvarande ord som høver i samanhengen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter