Bakoversveis

Kvar kjem uttrykket «å få bakoversveis» frå?

Svar

Det er freistande å seia «frå folkedjupet». Det er tydelegvis særnorsk, i alle fall kjem det ikkje frå dansk eller svensk. Meininga er naturlegvis at noko gjer så sterkt inntrykk at det kjennest som om håret blir blåse bakover. 

Sjølve ordet bakoversveis er over åtti år gammalt, men det var ikkje vanleg på prent før i 1970-åra. Det fyrste skriftlege belegget på «fikk bakoversveis» er frå 1976, men her er det nytta heilt bokstavleg. Boka Norsk slang (1984) syner at uttrykket var innarbeidd i talespråket i samtida. Årsaka til bakoversveisen kunne vera alt frå promping til brølande befal. I eit belegg frå 1983 er trompetar involverte, og det er vel ikkje utenkjeleg at trykket frå blåseinstrument kan ha vore inspirasjonskjelda, eventuelt lyd frå høgtalarar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter