Augmented reality på nynorsk
Kva heiter augmented reality på nynorsk?
På nynorsk har auka røynd vore brukt ein del (sidan 2013).
Om ein vil, kan ein kombinere dette med aukerøynd- i samansetjing (t.d. aukerøyndbriller), men forkortinga AR er jo like god nynorsk som engelsk.
På bokmål brukar ein utvidet virkelighet, ved sida av forsterket virkelighet. (Det same tilhøvet finn ein i dansk, medan svensk helst har förstärkt verklighet.) Utvida røynd eller verkelegheit er såleis òg mogleg på nynorsk, men det er jo mindre fyndig og fleksibelt.
På islandsk heiter det viðbótarveruleiki, som kan omsetjast med tilleggsrøynd eller attåtrøynd, men det høver kanskje betre om det ekstralaget med informasjon som teknologien tilfører, enn om heile biletet/opplevinga/røynsla.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).