Apostlenes hester på nynorsk?

Kva skal eg bruke for «apostlenes hester» på nynorsk? «Apostlanes hestar» med genitivs-s er vel ikkje heilt bra?

Svar

Du bør helst gjera som svenskane og skriva det i eitt ord: «apostelhestane» (jf. «apostlahästarna»).

Å kalla føtene apostelhestane o.l. er å bruka ein eldgamal metafor med latinsk opphav (reisa «per pedes apostolorum») og bibelsk grunnlag. Jesus sa jo som kjent «Gå [...] og gjer alle folkeslag til læresveinar».

Om du fyrst vil bruka ein genitiv, er «apostlane sine hestar» òg mogleg; det har betre grunnlag i nynorsk enn «apostlanes hestar».

Uttrykket er litt av ein klisjé. Ein heilt annan vri er å «ri tviføtingen», eit ordlag A.O. Vinje (og svært få andre) har brukt i skrift.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:18.04.2024