Anvendt forskning på nynorsk
Er praktisk forsking ein grei nynorskterm for anvendt forskning?
Det er betre med bruksforsking eller bruksretta forsking.
Likeins: bruksmatematikk eller bruksretta matematikk for anvendt matematikk.
Det kunne i prinsippet ha heitt nytteforsking osb., men det gjer det ikkje. Nytteomgrepet blir brukt om ein annan dimensjon på dette området, sjølv om det nok er ein del overlapping.
Bruker du an-ordet på nynorsk, bør du skriva anvend utan -t føre hankjønnsord og hokjønnsord.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).