Algoritme
Kan eg skrive ei algoritme – den algoritma på nynorsk? Kva kjem dette ordet av, forresten?
Svar
Nei, i rettskrivinga er dette eit hankjønnsord: ein algoritme – algoritmen – fleire algoritmar.
Opphavet til ordet algoritme er at namnet til den arabiske matematikaren al-Khwarizmi i mellomalderlatin vart kopla til det greske arithmós ‘tal’. I Termposten 2/2018 (s. 4) finn du litt meir om emnet.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).