Aksent over store bokstavar?
Skal ein bruke aksentteikn over store bokstavar (versalar) når ein skriv namn som skal ha slike teikn?
Aksentane skal vera med anten ein nyttar små eller store bokstavar.
Organisasjonen Médecins sans Frontières (Legar utan grenser) skal altså skrivast MÉDECINS SANS FRONTIÈRES med versalar.
Vanlege tekstbehandlingsprogram og e-postprogram greier dette heilt fint.
I Frankrike er praksisen omstridd, men L’Académie française vil behalde aksent, trema og cédille på versalen. Avisa Le Monde sløyfar aksenten på versalar som står fyrst i setninga eller isolert, men held på aksentane i titlar når heile tittelen står med versalar. På spansk er det òg tilrådd å halde på aksentteiknet.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).