Advent og adventstid – uttale og samansetning

Korleis skal advent uttalast? Og heiter det advent- eller advents- i samansetningar?

Svar

Advent kjem av latin adventus Domini, altså ‘Herrens kome’. Det blir som kjent brukt om dei siste vekene føre jul, som er dei fyrste vekene av kyrkjeåret.

Uttale

Ordet blir uttalt med trykk på fyrste stavinga og med tostavingstonelag (tonem 2). I dialekt har trestavingsforma advente (og adventa) òg vore utbreidd.

Samansetningar

Samansetningar med advent får oftast -s- i skriftmålet. I Tanums store rettskrivningsordbok (bokmål) står samansetningane adventsfarge, adventskalender, adventslys, adventspreken, adventssøndag, adventstid. I Nynorskordboka står adventskalender, adventskrans, adventsstake, adventssundag, adventstid.

På Svalbard har vi likevel Adventfjorden og Adventdalen.

Og hjå Alf Prøysen finn vi «Adventvise».

Særleg i nynorsktradisjonen ser ein ofte samansetningar med advent utan s. Hovudgrunnen er nok at advent er eit hokjønnsord, og at -s opphavleg ikkje er ei genitivsending for hokjønn.

Samansetninga adventstid

Eit anna spørsmål (som Språkrådet har fått fleire gonger) er om ordet adventstid eigentleg trengst. Oftast gjer det nok ikkje det. Advent åleine står for ‘adventstid’, jamfør uttrykka i advent(en) (bokmål) og i adventa (nynorsk). Men det er ikkje gale å leggja til -tid.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:27.05.2022