17 mai eller 17. mai med punktum?
Eg meiner å hugse at ein tidlegare kunne sløyfe punktum etter talet for dagen i månaden når månaden var skriven med bokstavar. Korleis er regelen no, heiter det berre 17. mai og 24. desember?
Svar
Ja, i dag er det obligatorisk å skrive 17. mai og 24. desember med punktum.
I ein periode var det høve til å sløyfe dette punktumet, men i 1998 gjorde det gamle Norsk språkråd vedtak om å endre dette.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).