Kategorier treff i 2 kategorier

Svar på språkspørsmål (2 treff)

Hvordan syklene sine/deres ser ut

Vi diskuterer hva som er riktig av sine og deres i følgende setning: «Noen setter syklene sine i kjelleren, mens andre har glemt hvordan syklene sine/deres ser ut.»

Det riktige i denne leddsetningen (dvs. etter hvordan) er deres. Sine ville ha vist tilbake til syklene, slik sine viser til noen i den første hovedsetningen.

Regelen sier at det refleksive pronomenet sin (sitt, sine) viser tilbake til én eller flere eiere som opptrer som subjekt i setningen, for eksempel slik: Noen setter syklene sine i kjelleren.

Men ser vi ikke nettopp at andre er et subjekt og viser til eiere?

Jo, de er subjektet til glemt, men nå ser vi på gal setning. I den aktuelle setningen (leddsetningen) er verbalet ser ut! Subjektet i «hvordan syklene […] ser ut» er syklene, og de har jo ikke noe som er sitt. (Det står ikke for eksempel «… glemt hvor syklene har de faste plassene sine».)

Deres er da det eneste mulige alternativet.

Men vent! Dere i deres kan jo også i teorien vise til hvem som helst, f.eks. de førstnevnte noen? Jo, men om dette er et reelt problem, kan det bare løses med omskrivning, ikke med justering av pronomenbruken.

Merk at dette er regler for korrekt skriftspråk. I mange dialekter brukes sin og sine mer, og det kan være helt riktig talemålsgrammatikk. Bare søk på «vet (ikke) hvem faren sin er».

Seg eller han/ho?

Skal eg bruke seg eller han/ho i desse setningane?

1 Ola lét dei stå og sjå på ___ ei stund.

2 Ho høyrer nokon rope bak ___, og snur seg.

3 Anne fekk Kjell til å ta kveldsvakta for ___.

Bruk seg for å vise tilbake til det næraste tenkjelege subjektet og han/ho for å vise til noko utanfor det.

Når vi skal ta føre oss eksempla dine, byrjar vi med å spørje kven som utfører verbalhandlingane sjå, rope og ta, altså kven som er logisk subjekt for det verbet som står (i infinitiv) nærast det opne feltet. Svaret er 1) dei, 2) nokon og 3) Kjell. Dersom det er dei same personane vi vil vise til med eit pronomen, er det refleksivpronomenet (seg) vi skal bruke. Men i dei tre eksempla er det truleg 1) Ola, 2) Ho og 3) Anne vi vil vise til til i det opne feltet. Då seier regelen at vi skal velje andre pronomen (han, ho, henne). Men for strenge kan vi ikkje vere. På norsk nyttar ein ofte refleksivpronomen der det ikkje kan mistydast i samanhengen, uavhengig av skulegrammatikk.

Vi må gjere oss kjende med eit par nye omgrep for å tak på dette.

Domene: setningar og anna

Refleksivpronomenet seg (og det refleksive eigedomspronomenet sin) viser som hovudregel til subjektet i det domenet det står i. Domene er i denne samanhengen anten ei setning med bøygd verb og grammatisk subjekt eller ei setning utan grammatisk subjekt, som infinitivskonstruksjonar, småsetningar og substantivfrasar. Den første typen setning blir kalla «opne setningar», den andre typen «skjulte setningar». I eksempla har vi å gjere med tre infinitivskonstruksjonar: «sjå på», «rope bak» og «ta kveldsvakta for». Vi kjem attende til dei.

Opne setningar

I opne setningar er det som regel lett å finne subjektet og dermed avgjere om det høver å bruke seg eller eit anna pronomen:

Ola ville at dei skulle sjå på han.

Her er dei det eksplisitte subjektet i leddsetninga (etter at). Ettersom meininga er at dei andre skulle sjå på Ola (ikkje på seg sjølv), må ein velje han, endå det òg kan vere tale om ein annan han

Skjulte setningar

Skjulte setningar har ikkje noko grammatisk (uttrykt) subjekt, og her kan ein ofte vere i tvil om kva som er rett. Alle dei tre setningane du spør om, er av dette slaget. Merk at faktisk bruk i slike setningar varierer, og at det finst ein viss dialektvariasjon. I skriftmålet gjeld nok likevel hovudregelen om at seg (berre) viser tilbake til subjektet i det domenet det står i.

I døma er det eksplisitte objektet i oversetninga (dei, nokon, Kjell) skjult subjekt i leddsetninga.

Ola lét dei stå og sjå på [?] ei stund.

Det skjulte subjektet til verbet sjå er dei, altså er det dette leddet seg ville ha vist til her. Men ettersom meininga er at dei såg på han, bør ein velje pronomenet han:

Ola lét dei stå og sjå på han ei stund. (At det i tillegg kan vise til ein han nummer 2, får våge seg her òg.)

I den neste setninga er det skjulte subjektet nokon:

Ho høyrer nokon rope bak [?], og snur seg.

Sidan nokon her truleg roper bak ryggen hennar, ikkje bak ryggen på nokon annan, må ein derfor setje inn ho eller henne:

Ho høyrer nokon rope bak henne, og snur seg.

I praksis vil likevel varianten med seg i dette tilfellet bli forstått på same måte, fordi det ikkje gir meining at seg skal vise til nokon.

I det siste eksempelet nedanfor er det òg sakleg sett hipp som happ kva ein vel. Formelt er det skjulte subjektet i leddsetninga Kjell, men det gir jo ikkje meining at Kjell skulle ta kveldsvakta for seg sjølv.

 Anne fekk Kjell til å ta kveldsvakta for ho/seg.

Det er altså samanhengen, ikkje valet av pronomen, som avgjer tolkinga i praksis. I mange dialektar brukar ein nok refleksiv så langt det ikkje kan mistydast og kanskje litt til. I skriftmålet går ein derimot gjerne over til han/ho/henne så snart refleksiven i teorien kan gi ei anna tolking enn den tilsikta.

Meiningsskilnad

Om vi set inn ein annan verbfrase i den same setninga, kan pronomenvalet gi klar meiningsskilnad:

Anne fekk Kjell til å klippe seg.

Anne fekk Kjell til å klippe ho/henne.

På dialekt kan den første setninga tolkast på to måtar, men i skriftmålet bør ho vise til klipping av Kjell. I den andre setninga er det naturlegvis Anne som blir klipt.