Hopp til hovedinnhold

Offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk

Offentlege organ har nå fått ei lovfesta plikt til å følge offisiell rettskriving.

Plikta til å følge den offisielle rettskrivinga omfattar alle offentlege organ, altså både statsorgan, fylkeskommunale organ og kommunale organ. Rettskrivingskravet gjeld tekst som skal offentleggjerast, både allmenn publikumsretta informasjon, informasjon til enkeltpersonar og informasjon til andre offentlege organ. Kravet gjeld òg namn på statlege organ og undereiningar.

I skolen er offisiell rettskriving obligatorisk i den skriftlege opplæringa og i skriftleg arbeid. Lærebøker og digitale læremiddel som blir brukte i skolen, skal følge rettskrivinga. Desse pliktene er heimla i opplæringslova paragraf 2-5 og 9-4.

§ 10 Offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk
Offentlege organ skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk. Statsorgan skal ha namn på norsk, både bokmål og nynorsk. Namna skal følgje offisiell rettskriving.