Hopp til hovedinnhold

Krav om skrivekompetanse

Fylkeskommunane får plikt til å bygge opp og vedlikehalde den skrivekompetansen i bokmål og nynorsk som må til for å følge dei reglane som gjeld.  Fylkeskommunen skal kunne krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk.

Kravet om å skrive både bokmål og nynorsk gjeld likevel ikkje for den enkelte tilsette. Fylkeskommunen kan ikkje krevje at tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa, skal skrive både bokmål og nynorsk. Det er viktig å vere klar over at eit slikt individuelt fritak frå kravet ikkje inneber at fylkeskommunen kan la vere å oppfylle retten til svar på rett skriftspråk. I slike tilfelle må fylkeskommunen finne ein annan saksbehandlar som meistrar det aktuelle skriftspråket, eller få teksten omsett.

Oppmodinga er derfor å kartlegge språkkompetansen internt og syte for god oversikt og rett rekruttering.

Dette er den aktuelle paragrafen i språklova:

§ 16 Skrivekompetanse

Statsorgan og fylkeskommunar skal syte for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter lova her.

Statsorgan og fylkeskommunar skal kunne krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

Departementet kan gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.