Hopp til hovedinnhold

Om Språkrådet

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål. Språkrådet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet og skal følge opp språkpolitikken på vegner av departementet.

Språklova inneheld to paragrafar om Språkrådet: paragraf 19, som gjeld oppgåvene og pliktene til Språkrådet, og paragraf 20, som gjeld plikter som statsorgan har overfor Språkrådet.

Oppgåvene til Språkrådet

Språkrådet skal forvalte den offisielle rettskrivinga, gje statsorgan råd om namnelaging, føre tilsyn med korleis somme av reglane i lova blir etterlevde, og rettleie offentlege organ om reglane i lova.

Om Språkrådet: spørsmål og svar

§ 19 Språkrådet

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk.

Språkrådet skal gje statsorgan råd om skrivemåte og namneskikk før det blir gjort vedtak om namn på statsorgan.

Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

Språkrådet skal rettleie offentlege organ om reglane i denne lova.

§ 20 Opplysningsplikt overfor Språkrådet

Statsorgan skal gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.