Velkommen til Språkdagen 2021: Lov laga

No image

Språkrådet arrangerer Språkdagen 9. november – på ein skjerm nær deg.

Når den nye språklova trer i kraft ved nyttår, får språkbrukarane i Noreg lovfesta rettar, og det offentlege får plikter. Kunnskapssektoren har eit stort ansvar for det norske språket. Språkvala verksemdene i sektoren gjer, har stor rekkevidde i samfunnet. Kva treng dei for å kunne oppfylle krava som lova stiller? Kva treng skulen for å kunne gje nynorskelevar like god undervising og dei same digitale moglegheitene som bokmålselevar får? Og kva rammer kan vere med på å sikre det norske fagspråket i akademia når forskingsmiljøa er internasjonale?

Sjå Espen Aas frå Dagsnytt 18 stille spørsmål og krevje svar frå politikaren, læraren, skuleeigaren og skuleforskaren i debatt om rettane til nynorskelevane. Og høyr kva professoren, Kunnskapsdepartementet, Forskingsrådet og Universitets- og høgskolerådet vil gjere for å sikre norsk fagspråk for framtida.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen avsluttar dagen.

Dato: 9. november
Tid: 9.00–11.30

Program for Språkdagen 2021: Lov laga
9.00–9.10

Rikets tilstand, ved Åse Wetås, direktør i Språkrådet

9.10–9.25

Språklova på 1-2-3, ved jurist Sofie Høgestøl

9.25–9.40 Kva konsekvensar får språklova? Intervju med Høgestøl, ved Espen Aas
9.40–9.45

FILM: Reportasje om statusen til nynorsk i opplæringa

9.45–10.10

DEBATT: Rett på nynorsk

Marit Knutsdatter Strand, nestleiar i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget
Kristin Takvam Rekve, leiar for grunnskulane på Voss, Voss herad
Liv Astrid Skåre Langnes, lærar, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Marte Blikstad-Balas, professor ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, Universitetet i Oslo

Debattleiar: Espen Aas

10.10–10.25 PAUSE
10.25–10.30

FILM: Reportasje om behovet studentane har for tilgang til norsk fagspråk i utdanninga

10.30–11.00

DEBATT: Ingen fag å miste! — Slik sikrar vi norsk fagspråk for framtida

Oddmund Løkensgard Hoel, statssekretær i Kunnskapsdepartementet
Sunniva Whittaker, styreleiar i Universitets- og høgskolerådet
Mariel Aguilar-Støen, professor ved Senter for utvikling og miljø, Universitetet i Oslo
Kristin Danielsen, områdedirektør for internasjonalisering og forskingssystemet, Forskingsrådet

Debattleiar: Espen Aas

11.00–11.15

SPRÅKPOLITISK KVARTER – samtale  om språkpolitikk i kunnskapssektoren

Hege Nilssen, direktør i Utdanningsdirektoratet
Harald Nybølet, divisjonsdirektør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Åse Wetås, direktør i Språkrådet

11.15–11.30

AVSLUTNING  

ved kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.09.2016 | Oppdatert:26.11.2021