Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
 

Oskefast/askefast

Ordet for året 2010

Eyjafjallajökull. Foto © Jochen Scheffl / iStockphotoMange vil hugsa vulkanutbrotet på Island i april som ei viktig hending i året som snart er omme. Dette fekk mange utrivelege følgjer, men vi fekk òg det råkande ordet oskefast/askefast, som vi med dette kårar til 2010-ordet. Med til same nyheitsbiletet høyrde ordet oskesky/askesky, som etter mediearkivet Retriever har vori om lag like mykje bruka.

Vi meiner oskefast fortener å bli ordet for året, sidan det er eit framifrå døme på skaparevne og norsk ordlaging. Jamvel om både oske og fast frå før er velkjende ord, er samansetjinga av dei ny. Ho følgjer mønsteret i det mykje bruka ordet vêrfast. Over denne leisten har norske språkbrukarar opp gjennom åra dana ord som isfast, regnfast, snøfast og streikefast; og i år fekk vi oskefast. På norsk kan vi nærast i det uendelege dana nye ordsamansetjingar ved å setja saman to eller fleire ord.

Ei anna god samansetjing som  har komi sterkt i løpet av året, er nettbrett: ein lett datamaskin med trykkskjerm. Det ser ut til at dette ordet blei bruka alt i 2000, den gongen om noko som ein nesten berre kunne tenkja seg. Dei nye nettbretta som har komi på marknaden i år, har òg vori kalla lesebrett, men no ser det ut til at dette siste ordet oftast blir bruka om dei bretta som først og fremst tener som e-boklesarar, medan nettbrettet har fleire mediefunksjonar. Lesebrett og nettbrett synest ha oppstått på sjølvstendig grunnlag på norsk, og det er god grunn til å rosa både ordparet og ordformene. Nettbrett blir òg omtala med avløysarordet tavle-pc (etter engelsk tablet pc). Med det same vi talar om ny teknologi, kan vi nemna at kortforma app for applikasjon har auka i bruk over fleire år, jamt oftare tilpassa norsk bøyingsmønster med former som appen eller appane.

2010 har òg vori året da vi for alvor har blitt kjende med lånordet vuvuzela. Vi fekk både høyra og sjå desse instrumenta med den særmerkte bisvermlyden under fotball-VM i Sør-Afrika, og det var først og fremst i sommarmånadene dei var omtala.


Publisert: 24.12.2010

 

Les flere aktuelle ord

 

«Aktuelt ord» er en spalte der vi tar opp aktuelle ord og tema. Vi legger ut nye ord med jevne mellomrom. Her finner du en liste over ordene som har stått i spalten.

 

Utviklet av Gazette