Hopp til hovedinnhold

Hjelpemiddel og oppslagsverk

Godt språk i regelverk

Språkrådet har laga ei rettleiing for å gje skribentar eit praktisk verktøy som kan lette arbeidet med lov- og forskriftstekstar. Rettleiinga inneheld konkrete og sjangertilpassa råd til bruk i
sjølve skriveprosessen.

Last ned heftet Godt språk i regelverk (pdf)

Rettleiing om lovteknikk

God lovteknikk og god lovførebuing er viktig for å få til eit godt og lett tilgjengeleg lovverk. Lovavdelinga i Justisdepartementet har laga ei rettleiing i lovteknikk. Rettleiinga er under oppdatering. Denne utgåva er frå 2000.

Last ned heftet Lovteknikk og lovforberedelse. Veiledning om lov- og forskriftsarbeid (pdf) 

Rettleiing om forskriftsarbeid i kommunane

JD har laga ei rettleiing for tilsette i kommunane om korleis ei forskrift skal utformast.

Utforming av nye forskrifter i kommunane og fylkeskommunane

KMD har skrive eit brev til kommunane og fylkeskommunane om utforming av nye forskrifter etter kommunelova.

Inspirasjonshefte frå Difi om lovspråk 

Direktoratet for forvaltning og IKT, Difi (no Digitaliseringsdirektoratet, Digdir) har laga eit hefte med tips og inspirasjon til dei som skriv lover og forskrifter: Et klarere lovspråk – kom i gang.

Last ned heftet Et klarere lovspråk – kom i gang! (pdf) 

Inspirasjonshefte frå BLD om lovspråk

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, BLD (no Barne- og familiedepartementet, BFD) har laga heftet Klarspråk og lovspråk – det skal være lett å gjøre rett.

Heftet er mynta på dei som skriv lovtekstar og forskriftstekstar i departementet. Det inneheld konkrete skriveråd og eksempel med framlegg til omformuleringar. Departementet understrekar at heftet ikkje er meint som nokon fasit, men som ein inspirasjon i skrivearbeidet.

Last ned heftet Klarspråk og lovspråk – det skal være lett å gjøre rett (pdf) 

Råd om språk i dommar

Domstoladministrasjonen har laga heftet Anbefalinger om domsskriving, som inneheld gode råd om språk i dommar. Råda kan brukast også i arbeidet med lover og forskrifter.

Last ned heftet Anbefalinger om domsskriving (pdf)

Kansellisten (brosjyre frå Språkrådet) 

Ord og uttrykk som er gangbare i juridiske dokument, fungerer ofte dårleg i tekstar med informasjon til publikum om rettar og plikter (døme: vedtaksbrev). Ordlista Kansellisten gir deg framlegg til avløysarord.

Last ned Kansellisten (pdf) 

Administrativ ordliste bokmål–nynorsk (brosjyre frå Språkrådet) 

Denne ordlista er ei hjelperåd for offentleg tilsette som skal skrive nynorsk i arbeidet sitt. Både oppslagsorda og dei nynorske avløysarorda er plukka ut fordi dei er vanlege og nyttige i administrativt språk.

Last ned Kort administrativ ordliste bokmål–nynorsk (pdf)

Oppslagsverk

Jon Gisle: Jusleksikon
Karl Arne Utgård: Juridisk og administrativ ordliste (bokmål–nynorsk) 

Ordlister og termbasar på nett

Juridisk ordliste på domstol.no
Jusleksikon.no
Ordliste bokmål–nynorsk (plan- og bygningslova)
Ordliste (avgrensa saksområde) på regjeringen.no
Juridisk ordliste på jusstorget.no
Oversikt over juridiske ordbøker og ordlister på portalen Juridisk nettviser

EØS-EU-basen
EØS-sekretariatet i Utanriksdepartementet har laga ein termbase med ca. 135 000 søkbare termar på fransk, engelsk, bokmål og nynorsk frå meir enn 70 fagområde. Brukarnamn og passord er «gjest».

Nyttige lenkjer

Regelverkshjelpen: IT-system for utarbeiding av lover og forskrifter
Legal Writing Editor

Skrivereglar og grammatikk

Informasjon om skrivereglar og grammatikk finn du på nettstaden til Språkrådet.