Hopp til hovedinnhold

Lover og forskrifter på nynorsk

Det vert sagt at juristar som skriv nynorsk, er nøydde til å leggje om stilen, og då blir språket meir folkeleg, utan at det faglege innhaldet tek skade av det.

Dei aller fleste lovene og forskriftene våre er på bokmål. Det trengst fleire på nynorsk.

Lovverket er eit viktig domene for nynorsken. Fleire nye lover og forskrifter bør skrivast på nynorsk, og det er viktig å ta vare på dei nynorske lovene og forskriftene vi har. Dersom ei lov eller forskrift på nynorsk skal bytast ut, bør den nye lova eller forskrifta òg vere på nynorsk, ikkje bokmål.

Det er òg viktig å kvalitetssikre lov- og forskriftstekstar på nynorsk, sidan lovspråk forplantar seg så kraftig i alle slags statlege dokument. Fordi nynorsk administrativ tekst til saman har mindre omfang og færre kjelder enn bokmålstekstane, er han meir utsett for kvalitetsforringing i den viktige kjelda som lover og forskrifter utgjer.

Den juridiske stilen er mindre tung på nynorsk. Da nynorsk ble etablert som skriftspråk for 150 år siden, representerte det en uttrykksmåte som lå nærmere folks talespråk. Det juridiske bokmålet har nok i større grad videreført den eldre og tyngre kansellistilen.

Øystein Vangsnes, språkforskar ved Universitetet i Tromsø

Hugseliste for deg som skriv lover og forskrifter

  • Vurder alltid om det er praktisk mogleg å skrive ei lov eller forskrift på nynorsk.
  • Hugs at målforma i forskriftene som hovudregel bør følgje målforma i heimelslova. Det er ekstra viktig at lover på nynorsk får forskrifter på nynorsk. 
  • Nye versjonar av nynorske lov- og forskriftstekstar bør skrivast på nynorsk. Praktisk bonus: Det er lettare å halde ei lov på nynorsk i hevd enn å pløye ny mark. 
  • Vel målform tidleg! 
  • Skriv nynorsk frå starten av, bruk hjelpemiddel og søk råd i god tid. Du kan spørje Språkrådet eller eksterne språkkonsulentar. 
  • Skal du omsetje ei lov eller forskrift til nynorsk, ta gjerne kontakt med Språkrådet.