Hopp til hovedinnhold

New Zealand har fått klarspråkslov!

New Zealands flunkande nye klarspråkslov, The Plain Language Act 2022, tok til å gjelde 21. april 2023. Lova krev at informasjon frå det offentlege skal vere klar og tilgjengeleg for innbyggjarane.  

AV TORUNN REKSTEN

Formålet med lova er å gjere statlege organ meir effektive og pålitelege, og å legge til rette for at visse publikumsretta dokument skal bli meir tilgjengelege. Ifølge definisjonen i lova er ein tekst skriven i klart språk om han er klar, konsis, velstrukturert og tilpassa målgruppa.

– Dette har vi gledd oss til lenge! Lova vil gagne alle som skal få og bruke viktig informasjon frå staten. Klart språk gjer informasjon meir forståeleg og tilgjengeleg, og det igjen gir ei meir open forvaltning og stimulerer til meir aktivt medborgarskap.

– No får alle som skriv på vegner av staten, eit lovpålagt krav om å skrive slik at folk finn, forstår og kan bruke informasjonen dei får. På den måten vil lova vil også medverke til å oppretthalde tilliten til styresmaktene og hjelpe statsorgan med å opptre påliteleg og truverdig, seier Lynda Harris, som er ein prisvinnande klarspråksforkjempar og mangeårig pådrivar for lova.  

Fem hovudplikter 

Lova pålegg statlege organ desse fem pliktene:

1. Å utnemne ein klarspråksansvarleg
Hovudoppgåva til den klarspråksansvarlege er å informere om lovkrava internt i organet og bidra til at organet etterlever dei.

2. Å tilby dei tilsette opplæring og ressursar
Alle tilsette skal få opplæring om kva krava i lova inneber, og deretter skriveopplæring med nødvendige ressursar.

3. Å ha rutinar for å handtere tilbakemeldingar frå publikum
Det skal vere enkelt for publikum å gi tilbakemeldingar om språk. Det kan vere så enkelt som at statlege organ opprettar ei særskild e-postadresse for slike tilbakemeldingar.

4. Å gjere klarspråk til ein del av dei interne prosessane i organisasjonane 
Klarspråksprinsippa skal nyttast når ein skriv og kvalitetssikrar tekstar. Til dette formålet finst det ulike verktøy som sjekklister og standardar.

5. Å rapportere om korleis dei etterlever lova
Statsorgana skal kvart år rapportere om korleis dei etterlever krava i lova. Ein samlerapport går til fagdepartementet og vidare til parlamentet.

Klarspråk og universell utforming

Lova viser også til korleis klarspråk og universell utforming heng saman.

– Klarspråk gir betre tilgang til det offentlege for personar med lesevanskar eller synshemmingar og for folk som ikkje har engelsk som morsmål. Det er lettare å bruke hjelpemiddel som leselister og liknande på tekstar i klart språk, og slike tekstar er dessutan lettare å omsette. I tillegg vil kravet om klarspråk stimulere til ei språkføring alle kan oppleve som inkluderande og respektfull, seier Harris.

Kia ora, New Zealand!

New Zealands Plain Language Act 2022 kan du lese her.

Rettleiinga til lova kan du lese her.

Fleire av krava i den newzealandske lova finn vi att i tilrådingane i vår eigen norske mønsterpraksis for godt språkarbeid. Mønsterpraksisen finn du på språklov.no.