Språkdagen 2009 – «Grenser for språk?»

Språkdagen 2009 blei halden 11. november på Grand Hotel i Oslo. Fagrådet for normering og språkobservasjon i Språkrådet hadde ansvaret for programmet.

Språkdagen 2009 på Grand Hotel i Oslo

På denne sida finn du programmet for dagen, omtaler av mange av programpunkta og nyheitsmeldingane som blei lagde ut i samband med arrangementet. 

Programmet

Tema for Språkdagen 2009 var «Grenser for språk?». På programmet stod føredrag, panelordskifte, intervju, musikk og språkprisutdeling. Språkdagen 2009 handla om korleis og kvifor språknormer veks fram. Kvar går grensa mellom rett og gale i språket og mellom godt og dårleg språk? Kva er vitsen med normer for språk og språkbruk, og kvar kjem normene frå? Er dei til hjelp eller plage?

Forfattar og NRK-journalist Magnhild Bruheim var konferansier på Språkdagen 2009. Bruheim innleidde med å nemne at synet på kva som er godt og dårleg språk, har endra seg mykje over tid. For nokre tiår sidan ville det truleg ha vore uråd for henne å bruke gudbrandsdalsmål i rolla som konferansier for eit slikt arrangement.

Teatersjef Ellen Horn

Opning

Ellen Horn, teatersjef ved Riksteatret, opna Språkdagen 2009. Ho understreka at jamvel om vi normerer skrift i dei aller fleste samanhengar og også normerer tale i somme høve, er det viktig å sikre at det er rom for å dyrke og leike med språket. Normene må ikkje bli ei tvangstrøye for språkbrukarane.

«Varifrån kommer språkens gränser?»

Tore Janson
professor emeritus i latin og afrikanske språk, Göteborgs universitet

Tore Janson gav eit overblikk over korleis menneske brukar språk til å dele seg sjølve inn i grupper. Ulikt språk definerer grupper i høve til kvarandre. Kva som blir rekna som eit enkeltspråk, blir ofte avgjort av politiske og sosiale faktorar, jf. skiljet mellom norsk, svensk og dansk. Desse tre skriftspråka er resultat av ulike nasjonsbyggingsprosjekt. Han heldt fram med å seie at medan tala språk har umedvitne reglar, har skriftspråk medvitne reglar og normer. Janson kom òg inn på språksituasjonen i Noreg, med éin stat og to ulike skriftnormer, nynorsk og bokmål, som er definerte som variantar av eitt og same språk, norsk. Dei fleste europeiske nasjonalspråk har strenge normer for både skrift og tale. Nordmenn opplever truleg språklege grenser annleis enn mange europearar på grunn av dei to målformene og valfridomen i rettskrivinga innanfor begge målformene.

Helge Dyvik«Valgfrihet og virkelighet. Om normklynger i skriftspråket»

Helge Dyvik
professor i allmenn lingvistikk, Universitetet i Bergen
leiar for fagrådet for normering og språkobservasjon i Språkrådet

Språkrådet har finansiert ei kartlegging av korleis valfridomen i rettskrivinga i nynorsk og bokmål blir bruka. Tekster frå Aftenposten, Bergens Tidende, Dagbladet, Klassekampen, Dag og Tid, Hallingdølen, Nationen og Sogn Avis har blitt granska i ein pilotstudie. Studien har blitt gjennomført av ei forskargruppe med tilknyting til Universitetet i Bergen. Dei har bruka den statistiske metoden korrespondanseanalyse for å finne ut kva for valfrie former som har ein tendens til å opptre saman hos skribentane i desse avisene. Dyvik presenterte dei første funna frå pilotstudien. Studien er enno ikkje omfattande nok til at han har gjeve grunnlag for konklusjonar, men metoden verkar lovande, og gruppa skal halde fram med kartlegginga. 

Runar GudnasonRapp

Runar Gudnason framførte «Arbadak arba», ei kjærleikserklæring til vokalen A. På slutten av dagen framførte han «Ein likandes kar».

Her kan du laste ned Gudnason-rappane «Arbadak arba» og «Ein likandes kar» [pdf].

Paneldebatt om stadnamn: «Fellesgode eller privat eigedom»

I panelet sat Olemic Thommessen (stortingsrepresentant for Høgre), Anne Svanevik (seksjonsleiar i Statens kartverk),  Aud-Kirsti Pedersen (førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø) og Birger Lindanger (lokalhistorikar).

Temaet for debatten var fastsetjing av skrivemåten for stadnamn og interessekonfliktane på feltet. Stortinget har vedteke at bruksnamn ikkje kan endrast utan at grunneigaren er einig, og eit framlegg til endra stadnamnlov er venta frå regjeringa. Paneldeltakarane på Språkdagen 2009: Anne Svanevik frå Statens kartverk, Aud-Kirsti Pedersen frå UiT, lokalhistorikar Birger Landanger og stortingsrepresentant Olemic ThommessenDebatten handla om tilhøvet mellom private interesser og fellesskapsinteresser på stadnamnfeltet. Er det den som eig eit bruk, som sjølv «eig» bruksnamnet, eller er det ei sak for fellesskapet å normere slike namn? Forvaltar vi kulturarven best ved til dømes å gje namneformer som fekk stavemåten sin i dansketida, offisiell status dersom eigaren ønskjer det, som Olemic Thommessen gjekk inn for? Eller er omsynet til språkhistoria og den nedervde uttalen i den lokale dialekten det viktigaste omsynet, som Aud-Kirsti Pedersen og Birger Lindanger argumenterte for? Anne Svanevik argumenterte for at det er viktig å ha ei einskapleg staving av bruksnamn, særleg fordi mange andre stadnamn er danna med bruks- og gardsnamn som utgangspunkt. Manglande skilting med samiske og kvenske namn i  fleirspråklege område var òg eit tema i debatten.

Endre Brunstad og Runar Gudnason

«Hiphop og sprenging av grenser»

Rapparen Runar Gudnason, medlem i hiphopgruppa Side Brok frå Ørsta, blei intervjua av førsteamanuensis Endre Brunstad ved Universitetet i Bergen. Hiphopen har endra seg frå å vere eit urbant og amerikansk fenomen til å slå rot i mange ulike miljø og bli prega av dei både språkleg og kulturelt. Gudnason fortalde at hiphopkulturen i utgangspunktet har hatt grensesprenging som eit ibuande element. Men etter kvart har det oppstått normer og konformitet innanfor hiphopkulturen. Mange hiphoparar i Noreg har prøvd å etterlikne dei amerikanske førebileta. Side Brok har blitt kritiserte for at dei ikkje tek hiphop på alvor, fordi dei braut med dei etablerte normene og rappa om livet på bygda på sunnmørsdialekt.

Karianne Skovholt

«Smilefjes i e-post – helt på trynet?»

Karianne Skovholt, rådgjevar i Språkrådet, la fram funn frå ei fersk gransking av korleis vi brukar smilefjes og andre emotikon i e-postkommunikasjon. Dei nye sosiale media utviklar nye normer. Dei tek med seg tradisjonelle skriftspråksjangrar og blandar dei med trekk frå samtalespråk. Ho understreka at smilefjes må analyserast som skriftteikn og med utgangspunkt i eigenarten til det mediet dei blir bruka i, i dette tilfellet e-post. Mange er i dag usikre på korleis dei skal tolke og bruke smilefjes rett. Det heng saman med at normene for bruk av smilefjes og andre emotikon enno er i støypeskeia. Skovholt har nyleg skrive ei doktoravhandling om e-postkommunikasjon.

«Hva er nok norskkunnskap? Om normer for norsk som andrespråk»

Foredrag ved Jon Erik Hagen, førsteamanuensis i norsk som andrespråk, Universitetet i Bergen. Kor strenge krav stiller vi til innvandrarar som skal lære seg norsk språk – når vil vi seie at dei er gode nok i norsk? Kva bør ein minoritetsspråkleg kunne i norsk? Hagen la vekt på at det å tileigne seg eit nytt språk er ein skapande prosess. Den som skal lære eit språk, skapar det nye språket sjølv, han eller ho overtek det ikkje frå den som underviser eller frå språksamfunnet. For verkeleg å meistre det nye språket må ein vere villig til å gå inn i ei ny rolle. Minoritetsspråklege har mange omsyn å ta når dei skal gå i gang med å bruke norsk. Skal dei prøve å høyrast ut som ein innfødd nordmann og dimed signalisere manglande solidaritet med sine eigne, eller er det i orden å tale norsk med aksent med fare for å bli oppfatta som ein som talar dårleg og gebrokke norsk? Hagen peika òg på at den som ikkje meistrar dei fine nyansane i andrespråket, lett kan kome til å trø feil i sosiale samanhengar.

«Standardspråk som demokratisk gode»

Foredrag ved Oddrun Grønvik, hovudredaktør i Norsk Ordbok 2014. Standardspråk gjev trygge grenser. Standardspråk er noko mange samfunn ønskjer å få. Ein språkleg infrastruktur, med eit normert språk, er til hjelp i samfunns- og nasjonsbygging. Det sikrar folk tilgang til det informasjonslageret som eit moderne samfunn byggjer på, m.a. bøker, aviser, film, fjernsyn og Internett. Fordi informasjons- og kommunikasjonsteknologien er meir utbreidd enn før og stadig er i utvikling, skriv dei fleste mykje meir i dag enn for nokre tiår sidan. Standardspråket fungerer som eit sosialt lim og ein arbeidsreiskap innanfor eit språksamfunn, og det er med på å gjere språksamfunnet synleg andsynes resten av verda.

Ida Berntsen og Stephen Walton

Språkprisen 2009

Språkprisen, som Språkrådet deler ut for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa, gjekk i år til  Stephen Walton (nynorsk) og til bokprosjektet Flerspråklighet i skolen (bokmål). Redaktør Rita Hvistendahl, førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skoleutvikling, Universitetet i Oslo,  mottok prisen på vegner av forfattarane. Vinnarane fekk 50 000 kroner, eit trykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar. Ida Berntsen, styreleiar i Språkrådet, delte ut prisen.

Oppsummering og avslutning

Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet, oppsummerte dagen. Han takka møteleiaren og alle dei andre som medverka, for innsatsen. Lomheim sa at det mest essensielle og grunnleggjande ved språket er uendelegheit. Den språklege uttrykksevna og uttrykksrikdomen til oss menneske er i prinsippet uendeleg. I norsk skriftspråk har vi stor valfridom, og det bør vi vere stolte av.

Rita Hvistendahl og Stephen Walton

Nyheitsmeldingar

Språkdagen 2009 på nett-tv

Heile arrangementet, inkludert utdelinga av Språkprisen, blei sendt direkte på nett-tv.

Vignett Språkdagen 2009Opptak frå kl. 10.00 til pausen kl. 11.30 er tilgjengeleg på http://media01.smartcom.no/Microsite/dss_01.aspx?eventid=4780. Opptak frå kl. 12.30 og utover ligg her: http://media01.smartcom.no/Microsite/dss_01.aspx?eventid=4781.  

 

Foto © Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter