Nynorskroboten krev omstilling, ikkje avvikling

No image

(7.5.21) Geir Olav Kinn frå Norsk Lektorlag meiner at omsetjingsverktøyet Apertium er ei utfordring for lærarane når dei skal vurdere nynorsktekstar som elevane skriv. Kinn viser i innlegg i Aftenposten 21. april til at det no er mogleg å omsetje ein tekst frå bokmål til nynorsk på svært kort tid ved hjelp av Apertium. 

Innlegg i Aftenposten 3. mai 2021
Av Åse Wetås, direktør i Språkrådet

Apertium blei i si tid utvikla for å auke produksjonen av nyhendetekstar på nynorsk. Verktøyet har vist seg å vere svært effektivt for journalistar og har etter kvart blitt tatt i bruk på stadig fleire område, både i offentleg forvaltning og i private verksemder.

Vi forstår godt at Kinn meiner det er urettferdig med ei ordning som kan utnyttast til å jukse. Både i norsk og i andre språkfag, som til dømes engelsk, får elevane tilgang til stadig betre verktøy for automatisk omsetjing. Apertium klarar no å generere tilfredstillande tekstar på nynorsk. Elevane har førebels ikkje tilgang til verktøy som kan gi omsetjingar av like god kvalitet i andre språk. Vi trur likevel at skulen kjem til å møte dei same utfordringane i andre språkfag.

Det er tilnærma tverrpolitisk semje om at nynorsken må styrkjast. Dette kom seinast til uttrykk i den nyleg vedtatte språklova, som slår fast at det offentlege no har eit særleg ansvar for å fremje bruken av nynorsk. At svaret på teknologiske utfordringar skulle vere å stryke sidemålskarakteren, og dermed svekkje statusen til og fokuset på nynorsk i skulen, framstår som like lite logisk som at Excel skulle fjerne behovet for økonomikunnskap.

Språkteknologi som ressurs for nynorsken

Språkrådet meiner at vi bør utnytte potensialet som ligg i teknologiske ressursar til å styrkje nynorsken, også i skulesamanheng. Vi bør jobbe med og ikkje mot teknologien.

Digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa slår fast at vi må sørgje for at grunnopplæringa er oppdatert og framtidsretta. Digitale ferdigheiter er ein sjølvsagd del av ei slik opplæring.

Jamt over er språkteknologien for norsk mykje mindre utvikla enn ønskjeleg, og det er særleg dårleg stilt for nynorsk. Grunnen til at det nett no er slik at Apertium peikar seg kvalitetsmessig ut, er at dei norske styresmaktene og Nynorsk pressekontor har investert midlar i å få eit omsetjingsverktøy som skal kunne gi meir nynorsk tekst til heile det norske samfunnet. Vi ser at den statlege investeringa i verktøyet har gitt gode resultat, men generelt står det dårleg til med språkteknologi for nynorsk samanlikna med andre språk, mellom anna bokmål. Elevane som nyttar nynorsk, har dårleg tilgang til digitale verktøy samanlikna med elevar som nyttar bokmål. Vi må difor halde fram med å satse på digitale verktøy for nynorsk. Dette bør òg bli synleg i den nye digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa, som skal gjelde frå neste år.

Teknologiske løysingar krev kompetente språkbrukarar

Språkteknologien kan aldri bli betre enn språkkompetansen til språkbrukarane. Både nynorsk og bokmål inngår i norskfaget. Ein blir ikkje god i begge språka av å berre trene på det eine.

For Språkrådet framstår det som eit stort paradoks at kvaliteten på Apertium no blir brukt som argument for å svekkje statusen til sidemålet i norskfaget ved at ein krev at eiga vurdering i sidemål skal fjernast.

Vi meiner derimot at denne saka viser at det er behov for å utvikle nye metodar for å vurdere kompetanse i språkfaga, ordningar som kan prøve språkkunnskap generelt og rettskrivingskunnskap spesielt. Dette vil også vere i tråd med målet i læreplanverket om å utvikle den digitale kompetansen til elevane og hjelpe dei til å nytte teknologiske hjelpemiddel på ein god måte.

Ansvaret for at elevane blir prøvde på ein rettferdig måte, både i norsk og i andre språkfag, kan likevel ikkje leggjast på den einskilde læraren. Utdanningsstyresmaktene må løyse denne utfordringa, i samarbeid med Norsk Lektorlag og dei andre aktørane i skulen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter