Staten og nynorsken i den digitale verda

No image

(11.4.23) Statlege organ strevar framleis med å oppfylla lovkrava om å bruka begge skriftspråka, også på nettsider og i digitale tenester. Teknologien står i vegen, melder dei. Men Husbanken rullar no ut ei stor ny digitalløysing for utleigeverksemda si, på bokmål og nynorsk samstundes. Kva grep har dei teke for å få det til?

AV HEGE KAMBO GROV

Beate Diseth | Foto: Husbanken– Me er forbi stadiet der me stiller spørsmål ved om me skal ha med nynorsk når me utviklar ei ny digital teneste. Me utviklar tenester på vegner av staten. Det finst visse lovkrav. Då må me finna ei løysing.

Det er klar tale frå Beate Diseth i Husbanken. Ho har ansvar for den nye digitale tenesta Kobo og seier at rettane til brukarane vert prioriterte høgt i Husbanken.

Kobo er eit nytt fagsystem og ei sjølvbeteningsløysing for kommunale utleigebustader. Tenesta er klar i år, og ho er tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål.

Slik er det ikkje alltid når det offentlege lanserer digitale løysingar.

Språkkrav sidan 1981

Kvifor står det så dårleg til med nynorsken i staten, når språklova er så tydeleg? Rett nok tok ikkje språklova til å gjelda før 1. januar 2022, men i mållova, som var gjeldande frå 1981 til 2021, var krava dei same.

Språklova seier at sentrale statsorgan skal veksla mellom bokmål og nynorsk i ålment tilgjengeleg materiale, slik at ingen av skriftspråka er representerte med mindre enn 25 prosent, medan alle skjema (papirbaserte og digitale) og sjølvbeteningsløysingar skal vera tilgjengelege på begge språk samstundes (parallellitet).

Men det er nesten ingen statsorgan som oppfyller krava i lova. Det kjem fram i dei årlege rapportane frå Språkrådet, som fører tilsyn med korleis statsorgana etterlever reglane. Få organ har alle skjema og sjølvbeteningsløysingar tilgjengelege på begge skriftspråka. Mange strevar med å skjøna korleis dei skal definera eit skjema etter den nye lova, og kva ei digital sjølvbeteningsteneste eigentleg er. Når gjeld dei ulike reglane, når skal det vera parallellitet, og når skal det vera veksling?

I podkasten På godt NAVsk forklarer Åse Wetås, direktør i Språkrådet, det slik:

– Det enklaste er å spørja seg: Rettar denne teksten seg til enkeltindivid, slik det gjer i ei teneste ein må logga seg inn i? Då må det vera parallellitet. Eller rettar teksten seg til ålmenta? Då er det vekslingskravet som gjeld. Det som avgjer, er altså om ein rettar seg til publikum generelt, eller til enkeltmenneske.

Brukarperspektivet

Med prosjektet Kobo har Husbanken greidd å etterleva språkkrava.

Kobo er både ei sjølvbeteningsteneste for kommunale utleigebustader og eit fagsystem for kommunane. Sjølvbeteningsdelen inneber at brukarane, altså dei som ønskjer kommunal bustad, kan søkja digitalt og sjølve følgja med på saka si. Samstundes får kommunane ei digitalisert oversikt over tilfanget av utleigebustader i kommunen. Tenesta femnar om regelverk og søknadssystem, brukarinformasjon og ulike skjema, som både tilsette i kommunane og leigetakarane skal nytta.

Det var heile tida meininga at tenesta skulle vera på både nynorsk og bokmål, i tillegg til engelsk. I kommunar der det er aktuelt, skal det bli mogleg å velja samisk òg.

– Mange av brukarane våre opplever digitalt utanforskap. Me legg stor vekt på at innhaldet vårt er tilpassa dei, og der spelar både språkval og klarspråk ei viktig rolle, seier tenesteeigar Diseth.

Begge skriftspråka frå starten

Diseth fortel at det ikkje var teknisk problematisk å laga fagsystem eller sjølvbeteningsløysing som støttar både bokmål og nynorsk. Men ho poengterer at det alt frå byrjinga er viktig å gjera tekniske val som gjer det mogleg å inkludera fleire språk.

Det er IT-konsulent Jørgen Sølvernes Sandnes samd i. Han har hatt ei nøkkelrolle i utviklinga av sjølvbeteningstenesta til Kobo.

– Husbanken har prioritert språkfunksjonaliteten i systemet. Det handlar om å inkludera den biten frå byrjinga. Det er krevjande å leggja til eitt eller fleire språk i etterhand.  

Sandnes deler gjerne erfaringane sine med andre.

– Det er effektivt om me hjelper kvarandre i det offentlege. Dersom nokon ønskjer råd frå oss i Husbanken, er det berre å ta kontakt.

Har måla seg inn i eit hjørne

Mange statlege organ som Språkrådet har jamleg kontakt med, melder at teknologien er årsaka til at dei ikkje greier å etterleva språklova. Dei meiner at dei sit på ein teknologi som berre støttar bokmål.

Men det er ikkje heilt rett å seia at det er teknologien som ikkje støttar nynorsk.

Sandnes har 20 års erfaring frå utvikling av digitale nettsider og tenester for offentlege og private verksemder. Han forklarer kva som eigentleg er problemet for mange.

– Å leggja inn støtte for fleire språk i ei sjølvbeteningsløysing kan minna om noko av det ein gjer når ein byggjer hus. Det er etter måten rimeleg å leggja opp røyr, elektrisk anlegg, ventilasjonsanlegg og god isolasjon dersom det vert gjort på rett tidspunkt i byggjeprosessen. Når huset er ferdigbygd, er det veldig mykje dyrare. Resultatet vert ofte heller ikkje like godt. Mange har altså måla seg inn i eit hjørne ved at dei ikkje har teke høgd for språkkrava frå byrjinga, seier han.

Soleis kjem mange statlege verksemder ikkje heilt i mål. Men språklova gjev ikkje rom for ei halvvegs oppfølging.

– Alle statlege organ har ansvar for å ha dei teknologiske løysingane og kompetansen som gjer det mogleg å oppfylla krava i regelverket, seier Wetås.

Tenesteeigar Beate Diseth meiner det er sjølvsagt at Husbanken skal etterleva språklova etter beste evne.

– Slik me tolkar lova, er det eit krav at sjølvbeteningsløysingar må vera tilgjengelege på begge skriftspråka til same tid. Når det gjeld krava til fagsystemet som dei tilsette i kommunen skal bruka, er me ikkje like sikre, men me har landa på at det skal vera full støtte for nynorsk også der.

Når statlege organ lagar løysingar for kommunane

Jan Erik Bangsund, jurist i Språkrådet, klargjer krava i språklova:

– Det er riktig at begge skriftspråka må vera representerte parallelt i skjema og sjølvbeteningsløysingar hjå statlege organ. I dette tilfellet er det likevel ikkje dette kravet som slår inn. Sjølv om Husbanken er eit statleg organ, vert Kobo laga for kommunane. Det er altså ikkje ei teneste for kontakt direkte mellom Husbanken og privatpersonar, men ei løysing som Husbanken har utvikla til bruk i kommunane. Sidan Husbanken har laga tenesta på begge skriftspråk, kan både nynorskkommunar og bokmålskommunar nytta tenesta. Ein nynorskkommune eller ein bokmålskommune ville ikkje kunna tilby ei sjølvbeteningsløysing som ikkje finst på skriftspråket til kommunen, seier Bangsund.

I Husbanken var dei usikre på om dei etter språklova måtte tilby fagsystemet på begge skriftspråk. Fagsystemet er verktøyet til dei tilsette i kommuneadministrasjonen, i dette tilfellet på bustadkontora i kommunane.

– Det finst ikkje krav i språklova om skriftspråk i interne dokument. Likevel vil truleg dei tilsette ønskja å ha fagsystemet på sitt skriftspråk. I tillegg har mange kommunar også eit vedtak om administrativt språk, og dei tilsette bruka det vedtekne skriftspråket.

– Om kommunane ikkje hadde hatt ein versjon av fagsystemet på sitt skriftspråk, hadde dei kanskje ikkje kunna, eller vilja, ta systemet i bruk. Difor var det eit godt val av Husbanken å tilby også fagsystemet i Kobo på både bokmål og nynorsk, seier Bangsund.

Utviklingsmetodikken utfordrar omsetjinga

Om ein legg til rette for fleire språk frå byrjinga, er det likevel nokre faktorar som påverkar utviklinga av tenesta, slik som omsetjingskompetanse og utviklingsmetodikk.

– Me er heldige i Husbanken; me har folk på huset som kan bidra med innhald på og omsetjing til nynorsk. Det er det kanskje ikkje alle som har. Det vil krevja meir ressursar å få løysingane på samisk, seier Diseth.

Omsetjing i seg sjølv er likevel ikkje den største utfordringa. Husbanken nyttar ein utviklingsmetodikk der både funksjonar og tekst vert testa av typiske brukarar undervegs. I dag er det svært vanleg å bruka denne metodikken under utvikling av digitale tenester. Metodikken har den fordelen at små og store problem, som uklart språk eller dårleg tenestedesign, vert oppdaga undervegs. Men med ein slik arbeidsmetodikk kan ein ikkje senda all tekst til omsetjing samla.

IT-konsulent Sandnes forklarer:

– Denne metodikken er rekna som den beste måten å utvikla teknologi på. Utfordringa med å jobba slik er at me treng nokon som på kort varsel kan setja om til det språket me vil leggja til. Her i Husbanken er me heldige, me har ein på huset som me kan senda ei chat-melding til, som er tilgjengeleg med éin gong.

Treng nynorskkompetanse internt

Kva då om ein ikkje har nynorskkompetanse internt? I dag finst det gode omsetjingsverktøy  som kan bidra langt på veg, men dei er ikkje utan manglar, så det er viktig at nokon med god nynorskkompetanse ser over den omsette teksten.

Skal ein sikra seg tilsette med nynorskkompetanse, kan ein til dømes setja opp nynorskkompetanse som kriterium når ein skal tilsetja nye medarbeidarar.

På nettstaden språklov.no finst det gode råd om korleis ein kan jobba for å heva nynorskkompetansen internt. Dessutan finst det lenkjer til gode ressursar og ei sjekkliste som ein kan bruka i arbeidet med å oppfylla pliktene i språklova.

Etter paragraf 16 i språklova pliktar statsorgana og fylkeskommunane å ha den språkkompetansen dei treng for å oppfylla krava i lova.

Nøgde pilotkommunar

Kobo har vorte testa av seks pilotkommunar som fekk tilgang til systemet i april 2021. Sarpsborg var den første kommunen som tok Kobo i bruk.

– Utgangspunktet var bustadoversikter på Excel-ark og søknadar i papirform. Me har gått frå steinalderen til 2023 på eit par år! Og me har fått inn 45 søknadar digitalt utan noka form for marknadsføring av tenesta, seier Remi Berg, saksbehandlar på bustadkontoret i Sarpsborg.

Der har dei fått spørsmål om sjølvbeteningsløysinga kjem på endå fleire språk. Særleg aktuelt no er ukrainsk.

– Elles er arabisk, somali og urdu mykje brukt blant søkjarane her i byen. Draumen er at når me produserer vedtaket, kan me velja språk.

Også i pilotkommunen Bjørnafjorden er dei nøgde med Kobo.

– For brukarane må me ha sjølvbeteningsløysinga på nynorsk, det er klart, me er jo ein nynorskkommune, seier Lars Trane, leiar av bustadkontoret. Tilsette i kommunen er også glade for at Kobo-systemet kan opnast for fleire språk etter kvart.

– Me har teke imot 350 ukrainarar. Og 30 prosent av brukarane av ei teneste som dette har eit anna morsmål enn norsk. Me har vorte eit land med mange nasjonalitetar og språk, så det er fint at Husbanken har valt ei løysing som støttar fleire språk.

Om Kobo vert tilgjengeleg på fleire språk enn bokmål, nynorsk, engelsk og samisk, er eit økonomisk spørsmål.

– Med tanke på brukarane våre ville det vore naturleg å tilby språk som somali, urdu og arabisk i tillegg, men det er ein meir kostbar jobb, seier Beate Diseth.

Tips om språk i digitale tenester

Har de ansvar for utvikling av statlege sjølvbeteningstenester og ønskjer å følgja språklova? Her er tips frå Kobo-teamet.

Dei aller fleste teknologiar som støttar fleire språk, baserer seg på at det finst éi språkfil for kvart språk, der ein fyller inn omsetjingane av dei tekstane som vert brukte i systemet. Slik får de til ei smidig integrering av begge skriftspråka når de skal laga tenester som fungerer både på bokmål og nynorsk:

  • Lag dummy-språkfiler for det andre språket: Tidleg i eit prosjekt er det mange tekstar som endrar seg, og det er upraktisk å omsetja tekstar fleire gonger kvar dag. Lag difor dummy-språkfiler der teksten er den same. Legg inn omsetjingane først når tenesta er ganske klar, og endringane kjem mindre hyppig.
  • Lag ein metode for å identifisera tekstane som skal omsetjast: Det kan vera eit nitid arbeid å identifisera kva tekstar som skal omsetjast. I teknologien Angular, som vert nytta i Kobo, finst det bibliotek som gjer det mogleg å merka av dei tekstane som skal omsetjast («ngx-translate»), og å oppdatera språkfilene med manglande/endra tekstar («ngx-translate-extract»).
  • Bygg inn automatisk sjekk: Det er lett å gløyma å oppdatera språkfilene. Bygg inn ein automatisk sjekk som ein del av prosessen, slik at de får kontrollert at alle tekstar finst i filene. Då får de ei påminning dersom de har gløymt å oppdatera.
  • Byt til dummy-språkfila jamleg: Det er ikkje nok å ha oppdaterte språkfiler. Løysinga må òg bruka tekstane på rett måte. Når de vel språk, skal alle tekstar byta til det skriftspråket du har valt, men tekniske problem kan hindra det. Om de byter til dummy-språkfila, der same tekst er brukt overalt, skal alle tekstar som kjem fram på skjermen, vera like. Viss ikkje er det ein feil i koden som handterer omsetjingane. Ein slik «dummy-test» gjer det enkelt å sjå om alt fungerer som det skal.
  • Bruk ein kvalifisert omsetjar: Når tenesta er ganske klar, kan teksten setjast ut til ein kvalifisert omsetjar, dersom verksemda ikkje har tilsette med nynorskkompetanse. Hugs at det vil oppstå behov for omsetjingshjelp etter kvart som systemet vert oppdatert. Då er det praktisk å ha nokon med god nynorskkompetanse på huset, slik at ein får omsett tekstar med ein gong.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.04.2023 | Oppdatert:27.04.2023