Dobbel prispott til den beste nynorskkommunen

No image

(2.9.22) Kulturdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2022». Prisen, som no er på heile 200 000 kroner, går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.

Frå og med i år blir prisen delt ut berre annakvart år, og prispotten blir som følgje av denne endringa dobla. Vinnaren av «Årets nynorskkommune 2022» vil difor få med seg heile 200 000 kroner. No blir det dobbelt så mykje nynorsk for pengane!

Kva skal til for å vinne prisen?

Juryen vil prioritere kommunar og fylkeskommunar som viser til

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i (fylkes)kommunale planar, kommunikasjonsarbeid og kulturarbeid
  • eigne retningsliner for nynorskbruk i (fylkes)kommunen og opplæringstilbod for tilsette
  • tiltak som fremjar bruk av nynorsk i næringslivet
  • opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule
  • tiltak som utvidar bruken av nynorsk eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

I tillegg vil juryen i år sjå positivt på (fylkes)kommunar som har sett i gang tiltak for å etterleve krava i den nye språklova.

– I år ynskjer vi å premiere ein kommune eller fylkeskommune som har sett språklova ut i praksis. Det er viktig at dei tilsette i det offentlege kjenner til språklova og kva som er forventa av dei. Med den nye språklova får kommunane og fylkeskommunane rettar, og fylkeskommunane får nye plikter og såleis eit utvida språkansvar. For å oppfylle dette ansvaret må fylkeskommunane setje tydelege ambisjonar og mål for språkarbeidet og forankre dei i leiing og styringsdokument, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes. Ho leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

Kven som helst kan nominere

Alle som er nøgde med nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen. Det er fullt mogeleg å nominere kommunar og fylkeskommunar som har vore med i tevlinga før. Språknøytrale kommunar og fylkeskommunar kan òg nominerast.

I fjor var det Ål kommune som vann prisen. Kommunen, som ligg i eit område der nynorsk ikkje er eit sjølvsagt språkval, vann prisen på bakgrunn av eit ihuga arbeid med å skaffe nynorske læremiddel og læringsressursar til skuleelevane sine.

I juryen sit representantar frå Språkrådet, Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Fristen for å nominere kommunar og fylkeskommunar er 20. september 2022.

Kontakt: jurysekretær Helene Urdland Karlsen, tlf. 97 51 21 76

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.09.2022 | Oppdatert:22.09.2022