Vil du teste ein ny versjon av ordbøkene?

No image

(11.10.21) Bokmålsordboka og Nynorskordboka har fått ny utforming! Alle som vil, kan prøve betaversjonen og koma med tilbakemeldingar.

Ein betaversjon av ordbøkene har vore under arbeid i lang tid, og nå er den nye visningssida klar til å bli testa. Sida er framleis under utvikling, difor er ikkje alle funksjonane på plass enno. Det kan òg vera feil og manglar i den nye løysinga som ikkje er oppdaga.

Dersom du finn feil i den nye løysinga, vil redaksjonen gjerne veta om det. Dei tek også imot både positive og negative synspunkt på den nye sida. Send ein e-post til ordbok-beta@uib.no om du vil gje ei tilbakemelding.

Adressa til den nye sida er ordbøkene.no. Du kan framleis bruke den gamle sida med adresse ordbok.uib.no.

Visuelle og funksjonelle endringar

Betaversjonen har fått eit heilt nytt design, der artiklane er sette opp meir luftig og pedagogisk. Den nye sida er betre tilpassa små skjermar, ho skal oppfylle krava til universell utforming, og ho har delefunksjon, slik at innhaldet kan delast i sosiale medium.

I tillegg er det nye bøyingstabellar, og du får hjelp med særskriving og samskriving av ord. På forsida blir det lagt ut artiklar med aktuelle ord.

Revisjonsprosjektet går sin gang

For tida blir det gjort eit omfattande arbeid med å oppdatere innhaldet i Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Mellom 2018 og 2023 går ei gruppe redaktørar gjennom ordbøkene for å få inn nye ord og tydingar. Dei passar også på at innhaldet er i tråd med dagens språkbruk. Redaksjonen legg fortløpande ut ordartiklar som er reviderte og kvalitetssikra, både i den nye og gamle versjonen av ordbøkene.

Universitetet i Bergen (UiB) og Språkrådet eig ordbøkene i fellesskap. UiB har ansvaret for det redaksjonelle og tekniske arbeidet med ordbøkene, medan Språkrådet avgjer korleis orda skal stavast og bøyast.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter