Vil du bli Språkrådets nye jurist? (søknadsfristen er ute)

No image

(30.4.21) I stabsseksjonen vår er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar (jurist). Vi ser etter deg som har solid kunnskap om forvaltninga og forvaltningsjussen, god oversikt over regelverket på språkfeltet og interesse for språklege rettar.

Arbeidsoppgåver

Hovudinnhaldet i stillinga vil vere arbeid med

  • saker etter lov om språk (språklova)
  • saker etter lov om stadnamn (stadnamnlova)
  • saker etter lover på opplæringsfeltet, som opplæringslova, friskolelova, barnehagelova og universitets- og høgskolelova
  • saker etter lover og konvensjonar som regulerer bruk av norsk teiknspråk
  • saker etter lover og avtaler som vernar og tryggjar rettane til brukarar av kvensk, romani og romanes

Som tilsett i denne stillinga får du hovudansvaret for å greie ut om rettar og plikter etter den nye språklova. Ei sentral oppgåve blir å lage rettleiingsmateriell om kva den nye lova inneber for ulike aktørar. Du skal dessutan drive sakshandsaming og gje råd om språklege rettar etter regelverka nemnde over, og hovudsakleg svare på spørsmål om språklege rettar frå det offentlege og frå privatpersonar. Det kan bli aktuelt å delta i forskriftsarbeid som Språkrådet blir involvert i.

Søknadsfrist: 14. mai 2021

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
  • særs god kjennskap til regelverket på språkfeltet og skolefeltet
  • erfaring med å setje i verk nytt lovverk og lage rettleiingsmateriell for ulike målgrupper
  • solid kompetanse i både bokmål og nynorsk

Språklova erstattar lov om målbruk i offentleg teneste (mållova). Du må difor ha god kunnskap om mållova og korleis ho blir brukt i dag.

Vi legg spesielt vekt på

  • erfaring frå forvaltninga, særleg med utgreiingsarbeid, offentleg sakshandsaming og bruk av juridisk metode
  • kjennskap til språkpolitikken
  • evne til å skrive klart, korrekt og presist

Personlige eigenskapar

Du må vere initiativrik, sjølvgåande og nøyaktig og kunne ta ansvar for eigne tiltak og prosjekt. Sidan mykje av arbeidet i stillinga vil vere nybrottsarbeid, må du vere analytisk, konstruktiv og idérik. Du må òg ha særs gode samarbeidsevner. 

Vi tilbyr

  • interessante faglege utfordringar i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit sterkt fagmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • trivelege kontorlokale sentralt i Oslo
  • subsidiert kantine
  • fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse

Stillinga blir lønt som seniorrådgjevar i stillingskode 1364, 555 800–670 100 kroner i året (lønssteg 62–72), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.  

Språkrådet meiner at inkludering og mangfald i arbeidslivet gjer at vi på ein endå betre måte kan løyse samfunnsoppdraget vårt. Derfor ynskjer vi medarbeidarar med variert kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Vi oppmodar deg til å krysse av i søkjeportalen om du har nedsett funksjonsevne, hòl i CV-en eller minoritetsbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar i desse gruppene, vil vi kalle inn minst ein av desse til intervju. Om du har kryssa av og får jobben, vil vi leggje til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i søkjeportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som byggjer på rapportering frå alle statlege verksemder.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført på søkjarlista, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) § 25.

Søknadsfrist: 14. mai 2021


Nærmare opplysningar om stillinga får du av direktør Åse Wetås på telefon 91 58 49 33 eller stabssjef Jo Inge Fisketjøn på telefon 92 45 48 34. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter